– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Institusjonsakkreditering

Institusjonar kan søkje om akkreditering som høgskule, vitskapleg høgskule eller universitet. Søknader blir først vurderte av NOKUT, så går dei eventuelt vidare til vurdering hos sakkunnige komitear. Det er NOKUTs styre som fattar det endelege vedtaket.

Når vi mottek ein søknad, går saksbehandlaren igjennom denne for å sjå om den eignar seg for sakkunnig vurdering. I denne fasen får søkjaren høve til å komplettere søknaden. Når søknaden er klar for behandling, vel NOKUT ein sakkunnig komité. Komiteen evaluerer om institusjonen fyller krava til akkreditering (sjå studietilsynsforskriften kapittel 2). Vurderingane blir nedfelte i ein rapport der dei sakkunnige konkluderer med om dei tilrår akkreditering eller ikkje.

NOKUTs styre fattar vedtak om akkreditering. Ved positivt vedtak må institusjonane sjølv søkje Kunnskapsdepartementet om endring av institusjonell status.

Den sakkunnige komiteen

Vanlegvis har ein sakkunnig komité fire medlemer. Institusjonane som søkjer om akkreditering, kan foreslå sakkunnige og kommentere på forslag, men det er NOKUT som avgjer kven vi ønskjer å bruke som sakkunnige.

Krav til kvalifikasjonane til dei sakkunnige

I studietilsynsforskrifta er det fastsett krav til kompetansen for den sakkunnige komiteen:

  • Komiteen skal ha erfaring frå leiing av ein høgare utdanningsinstitusjon minst på nivå med den kategorien akkrediteringa gjeld.
  • Komiteen skal ha minst éin sakkunnig med tilknyting til relevant utanlandsk institusjon.
  • Komiteen skal ha ein sakkunnig med kompetanse frå samfunns- eller næringsliv.
  • Ein student som har erfaring frå institusjonsstyre, andre sentrale tillitsverv eller arbeid i studentorganisasjon, skal inngå i komiteen.
  • I Komiteen skal det inngå minst éin sakkunnig med professor-/dosentkompetanse ved akkreditering til universitet og vitskapleg høgskule, og minst førstestillingskompetanse ved akkreditering til høgskule.

Det er også viktig at dei sakkunnige ikkje har oppgåver ved institusjonen dei skal akkreditere, eller har andre tilknytingar til institusjonen som gjer dei inhabile. Sjå tilsynsforskrifta. Dei sakkunnige skal ikkje uttale seg offentleg om saka før vedtak er fatta.

Det er NOKUT som står ansvarleg for vedtaket, og dette kan klagast på. Sjølve den sakkunnige vurderinga kan ikkje klagast på.

Rapporten frå den sakkunnige komiteen er offentleg og blir publisert i NOKUTs publikasjonar – Tilsynsrapportar.