– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Godkjenningsordning for personar utan verifiserbar dokumentasjon (UVD-ordninga)

NOKUTs vedtak i godkjenningsordninga for personar utan verifiserbar dokumentasjon blir fatta på grunnlag av vurdering i sakkunnig komité vald av NOKUT. Ein sakkunnig komité skal normalt bestå av to fagpersonar og éin representant frå NOKUT.

NOKUTs rolle er definert som prosjektleiar for å sikre effektiv saksbehandling, konsistens i vurderingar og likebehandling. Sakkunnige komitear blir valde kontinuerleg etter behov.


Krav til kompetanse hos sakkunnige ved vurdering av kompetanse for personar utan verifiserbar dokumentasjon

  • Dei sakkunnige skal ha minimum førstestillingskompetanse innanfor det fagområdet som skal vurderast.
  • Dei sakkunnige skal ha undervisningserfaring innan det relevante fagområdet.
  • Det er ønskjeleg at dei to fagpersonane kjem frå to ulike institusjonar. Ein sakkunnig kan kome frå eit av dei nordiske landa.

Prosessen for oppretting av sakkunnig komité består av følgjande trinn:

Spørsmål til potensielle sakkunnige med oppmoding om å gjere ei sakkunnig vurdering av utanlandsk kompetanse i tråd med denne prosedyren.

  • NOKUTs direktør oppnemner dei sakkunnige. Direktør og avdelingsdirektør skriv under på oppnemninga.
  • Når sakkunnige takkar ja til oppmodinga, får han/ho tilsendt eit oppdragsbrev. Oppdragsbrevet inneheld informasjon om ordninga, mandatet til ein sakkunnig, samansetjinga av den sakkunnige komiteen, tidsplan, honoraret for oppdraget og opplysningar om bakgrunnen til den aktuelle søkjaren. Mal for oppdragsbrev blir utvikla av NOKUT.

Tidsplan for gjennomføring av sakkunnig vurdering

Når sakkunnig komité er vald, blir det utarbeidd ein tentativ tidsplan for den sakkunnige vurderinga. Tidsplanen inneheld følgjande punkt:

  • Tidspunkt for eventuell opplæring/kursing for sakkunnige
  • Tidspunkt for møte i sakkunnig komité i framkant av vurderinga
  • Tentativ dato for intervju/møte med søkjaren i samband med sakkunnig vurdering
  • Frist for innlevering av sakkunnig rapport
  • Frist for NOKUTs vedtak på grunnlag av sakkunnig vurdering.

Opplæring/kurs for sakkunnige

NOKUT vil utvikle eit kurstilbod for sakkunnige. Dette skal vere ein halv dags opplæring med fokus på å oppnå ei god forståing av oppdraget, rammene og utfordringane knytte til vurdering av utanlandsk kompetanse for søkjarar utan verifiserbar dokumentasjon.

Meir om UVD-ordninga