– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Evaluering av kvalitetssikringssystem i høgare utdanning

Alle institusjonar som tilbyr høgare utdanning, skal ha eit internt system for kvalitetssikring av utdanninga. Minst kvart sjette år evaluerer NOKUT den einskilde institusjonen sitt system for kvalitetssikring av utdanninga.

NOKUTs styre fattar vedtak om evalueringsprogram, og institusjonane blir varsla minst eit halvt år før evalueringa startar. Kvart år vel NOKUTs styre også ei gruppe med sakkunnige.

Den sakkunnige komiteen

For kvar enkelt evaluering blir det oppretta ein komité på mellom tre og fem medlemer.  Institusjonen som skal ha evaluering, kan gje kommentarar til forslag til sakkunnig komité.

Den sakkunnige komiteen skal evaluere system for kvalitetssikring av utdanninga og institusjonen sin bruk og nytte av systemet. NOKUT har utarbeidd kriterium for evalueringane.

Krav til kvalifikasjonane til dei sakkunnige

I studietilsynsforskrifta er det fastsette krav til kompetansen for den sakkunnige komiteen:

  • Alle dei sakkunnige skal ha erfaring frå kvalitetsarbeid og/eller evaluering.
  • Komiteen skal ha minst éin sakkunnig med erfaring frå leiing ved ein høgare utdanningsinstitusjon.
  • Komiteen skal ha minst éin sakkunnig med tilknyting til relevant utanlandsk institusjon.
  • Ein student med erfaring frå institusjonsstyre, leiing eller andre sentrale tillitsverv skal inngå i komiteen.
  • I komiteen skal det inngå minst ein sakkunnig med professor-/dosentkompetanse.

Det er også viktig at dei sakkunnige ikkje har oppgåver ved institusjonen eller studiet dei skal evaluere, eller har andre tilknytingar til institusjonen som gjer dei inhabile (sjå studietilsynsforskriften). Dei sakkunnige skal ikkje uttale seg offentleg om saka før vedtak er fatta.

Komiteen skal nedfelle vurderingar, konklusjonar og tilrådingar i ein rapport. På bakgrunn av denne rapporten og kommentaren frå institusjonen vedtek NOKUTs styre om eit system blir godkjent eller ikkje.

Det er NOKUT som står ansvarleg for vedtaket, og dette kan klagast på. Sjølve den sakkunnige vurderinga kan ikkje klagast på.

Rapporten frå den sakkunnige komiteen er offentleg og blir publisert i NOKUTs publikasjonar.