– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Sakkunnige

NOKUTs vedtak om utdanningskvalitet og høgare utdanning støttar seg i stor grad på fagleg vurdering og råd frå uavhengige sakkunnige. Sakkunnige står for den faglege vurderinga i NOKUTs saker.

Sakkunnige vurderingar ligg til grunn når NOKUT kan gi eller ta frå institusjonar rettar gjennom akkreditering, evaluering av system for kvalitetssikring av utdanning og tilsyn med eksisterande studium. I tillegg nyttar vi sakkunnige når vi gir status som Senter for framifrå utdanning og deler ut Utdanningskvalitetsprisen. NOKUT bruker også sakkunnige i godkjenningsordninga for personar utan verifiserbar dokumentasjon av utanlandsk, høgare utdanning (UVD-ordninga).


NOKUTs saksbehandling

Meir om sakkunnig vurdering og det å vere sakkunnig for NOKUT:

Insentivordningar

Godkjenning av utanlandsk utdanning


Ønskjer du å vere sakkunnig?

Finn informasjon om korleis du søkjer?