– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Tilsyn med eksisterande studietilbod

NOKUT kan på fritt grunnlag føre tilsyn med alle eksisterande studietilbod på universitet og høgskular. Dette gjeld både dei studietilboda vi har akkreditert, og dei som universiteta og høgskulane har etablert på eiga fullmakt.

Når vi fører tilsyn med eksisterande studietilbod, bruker vi dei same kriteria som ved akkreditering av nye studietilbod (sjå studietilsynsforskriften hos Lovdata for meir informasjon).

I tillegg til å kontrollere at utdanningskvaliteten oppfyller minstekrava våre, ønskjer vi at tilsynet motiverer institusjonane til vidare utvikling.

Tilsynet med eksisterande studietilbod er organisert i fire trinn:

Vi vel ut studium til kartlegging éin gong i året. Dette skjer på bakgrunn av NOKUTs langtidsplan for tematiske prioriteringar, informasjon frå anna NOKUT-verksemd og uromeldingar.

  • NOKUTs langtidsplan for tematiske prioriteringar set fokus på enkelte tema der vi har spesiell interesse for utdanningskvalitet. Val av tema tyder ikkje nødvendigvis at det er teikn på kvalitetssvikt, men kan også vere for å synleggjere positive utviklingstrekk i sektoren.
  • Informasjon frå anna NOKUT-arbeid, for eksempel evaluering av kvalitetssikringssystem, kan også gi informasjon som gjer at vi startar kartlegging av eitt eller fleire studietilbod.
  • Når vi tek imot uromeldingar om utdanningskvalitet, undersøkjer vi først om institusjonen er kjend med klaga, og om dei har gjort sitt beste for å rette opp eventuelle svake punkt. Som regel tek institusjonane klager på alvor, men i nokre tilfelle undersøkjer vi saka vidare.

Kartlegging inneber at NOKUT samlar tilgjengeleg informasjon om studietilboda. Dette gjer vi for å få eit inntrykk av korleis institusjonen tek vare på akkrediteringsfullmakta si.

I kartlegginga hentar vi informasjon om studietilbodet frå kjelder som DBH, NOKUT-portalen, nettsidene til institusjonane og tidlegare søknader der det er aktuelt.

Ofte er det slik at desse kjeldene ikkje gir oss tilstrekkeleg informasjon til å vurdere om utdanningskvaliteten er god nok. I slike tilfelle ber vi institusjonen om ei klargjering.

[ - ]

Når NOKUT vender seg til institusjonen og ber om tilleggsinformasjon, blir det kalla ei klargjering.

Meldinga sender vi som brev til institusjonen. I dette brevet står det kva for nokre av NOKUTs kriterium institusjonen må klargjere (sjå studietilsynsforskriften). Svarfristen på denne meldinga er seks veker.

Saman med den informasjonen vi sjølv har samla inn under kartlegginga, vil institusjonens klargjering setje oss betre i stand til å vurdere om utdanningskvaliteten er god nok, eller om institusjonen må setje i verk tiltak for å utvikle kvaliteten.

Dersom vi framleis manglar informasjon eller ser teikn på svake punkt i utdanningskvaliteten, går studiet vidare til neste trinn i tilsynsmodellen: dialog og utvikling.

[ - ]

Vi opnar formelt tilsyn i dei tilfella der vi gjennom klargjeringsfasen framleis ikkje har fått god nok informasjon, og/eller ser teikn på svake punkt i utdanningskvaliteten.

Først inviterer vi institusjonen til dialog for å sikre ei felles oppfatning av situasjonen. Så gir vi dei høve til å rette opp svake punkt i utdanningskvaliteten. Institusjonen vil få fem månader til å rette opp manglane eller vise til konkrete planar for dette.

På bakgrunn av dialogen med institusjonen avgjer vi om det er behov for å revidere studiet. I samband med dette vurderer vi risikoen for kvalitetssvikt og konsekvensane dette kan ha for studentane, sektoren sitt omdømme og/eller legitimiteten vår som tilsynsorgan.

[ - ]

Dei mest alvorlege tilfella går vidare til revidering. Denne prosessen begynner med at NOKUTs styre vedtek kva studietilbod som skal reviderast. Så blir det valt ein sakkunnig komité. Institusjonen må levere ein sjølvevalueringsrapport. Vurdering av kvalitetssikringssystem inngår alltid i ei revidering.

Den sakkunnige komitéen gjer ei fagleg vurdering av sjølvevalueringsrapporten og vurderer om krava til utdanningskvalitet er oppfylte (sjå Forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høgare utdanning og fagskuleutdanning). Den sakkunnige komitéen vil også møte institusjonen for å styrkje informasjonsgrunnlaget for vurderinga si. Den samla vurderinga resulterer i ein rapport frå komitéen.

På bakgrunn av denne rapporten vedtek NOKUTs styre om godkjenninga for det reviderte studietilbodet eller institusjonsakkrediteringa skal oppretthaldast eller trekkjast tilbake. Før vi trekkjer tilbake ei akkreditering, vil institusjonen få eit siste høve til å rette opp utdanningskvaliteten. Dersom NOKUT finn at kvaliteten ved eit utdanningstilbod ikkje er i samsvar med dei krava som blir stilt, skal institusjonen få ein frist på inntil seks månader for å rette opp forholda. Styret avgjer så om godkjenning skal oppretthaldast eller trekkjast tilbake.

Krav til sakkunnig komité

NOKUT har fastsett krav til den sakkunnige komitéen:

  • Dei sakkunnige skal ha kompetanse i og erfaring frå gjennomføring av tilsvarande eller liknande studium.
  • Minst éin av dei sakkunnige skal ha formell kompetanse på eit høgare nivå enn det studiet som skal reviderast (for eksempel ha doktorgrad ved revidering av mastergradsstudium).
  • Den sakkunnige komitéen skal ha relevant internasjonal kompetanse.
  • Ein student eller stipendiat skal inngå i komitéen.

Når NOKUT vel sakkunnig komité ved revidering, skal dei sakkunnige til saman ha ein kombinasjon av desse kompetansane.

Les meir om bruken av sakkunnige i tilsyn med eksisterande utdanningstilbod.

Tilsynsrapportar med vedtak

All informasjon som har kome fram gjennom dei ulike fasane, blir omtalt i tilsynsrapportar. Rapportane er offentleg tilgjengelege og blir publisert under Tilsynsrapporter.

[ - ]