– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Klagerett

Ein institusjon kan klage på NOKUT sitt vedtak om akkreditering, vedtak om revidering av akkreditering og på vurderinga av kvalitetssikringssystem. Klagar blir handsama av ei uavhengig klagenemnd.

Klagenemnda til NOKUT prøver vedtak mot reglane i forvaltningslova om sakshandsaming. Ein institusjon kan ikkje klage på NOKUT si faglege vurdering.

Medlemmene i klagenemnda til NOKUT er oppnemnde av Kunnskapsdepartementet. Leiar og nestleiar i klagenemnda er lagdommarar.

Korleis klage?

Institusjonen gjer greie for kva grunnlag dei klagar på og stiler klagen til NOKUT. NOKUT sender klagen til klagenemnda som har møte kvart kvartal.

Relatert informasjon