– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Endringar i studium akkreditert av NOKUT

Etter endring av studietilsynsforskrifta i februar 2013 har NOKUT fått fleire spørsmål om korleis institusjonane skal stille seg til krava i kapittel 7, om akkreditering av studium med tilhøyrande merknad:

"Institusjonar kan ikkje opprette nye fag eller emne i eit akkreditert studium utan sjølvakkrediteringsfullmakt på det aktuelle nivået, jf. lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 3-3."

For studium akkreditert av NOKUT vil institusjonen kunne gjere endringar innan dei akkrediterte emna utan å søkje om dette. Dersom endringane fører til at studiet får eit anna/utvida fagområde eller det totale læringsutbyttet blir endra, skal de søkje om eit nytt studium til dei ordinære søknadsfristane.

Vanlege spørsmål

Nedanfor har vi har teke utgangspunkt i nokre konkrete spørsmål og svart på desse. Dersom vi mottek nye problemstillingar som ikkje blir dekte av svara nedanfor, vil dei bli publiserte her.

Nei, dersom de ønskjer å utvide studiets fagområde/profil, må de søkje NOKUT om eit nytt studium. Eit eksempel på dette er Høgskolen i Gjøvik, som først fekk akkreditert eit ph.d.-studium i Information Security i 2008. På eit seinare tidspunkt ønskte dei å utvide studiets fagområde/profil og søkte om eit ph.d.-studium i Computer Science, som blei akkreditert i 2012.

[ - ]

Dersom oppretting av nye emne er av eit mindre omfang og ikkje endrar studiets totale læringsutbytte, faglege profil og fagområde, treng de ikkje søkje NOKUT om endringar. Her vil vi minne om at det må takast omsyn til at fleire mindre endringar over tid kan bli relativt omfattande, jf. merknad til NOKUT-forskrifta § 3-1 7.

Dersom dei nye emna fører til at studiet får ein annan fagleg profil eller endra eller utvida fagområde, og dermed eit anna totalt læringsutbytte for studiet, forstår NOKUT dette som eit nytt studium, og det må søkjast om dette til dei ordinære søknadsfristane.

[ - ]

Dersom desse endringane ikkje tilfører studiet nye fag og emne, er dette i utgangspunktet uproblematisk. De bør likevel vurdere om det kan vere merknader i den sakkunnige rapporten som det må takast omsyn til. Det må vidare vurderast om dette påverkar den totale læringsutbytteskildringa for studiet (sjå spørsmålet over).

[ - ]

Det er mogeleg å endre opptakskravet, men de må kontrollere at gjeldande regelverk blir følgt, og at ikkje studiets fagområde eller den totale læringsutbytteskildringa blir endra. De bør også vurdere om det kan vere merknader i den sakkunnige rapporten som det må takast omsyn til.

[ - ]

Nei, NOKUT vurderer dette som to forskjellige studium. De må søkje om eit nytt studium til dei ordinære søknadsfristane.

[ - ]

Nei, ei slik utviding/endring krev ny søknad til dei ordinære søknadsfristane.

[ - ]

Nei, dersom de har fått delar av eit fellesgradsstudium akkreditert, og på eit seinare tidspunkt ønskjer å tilby dette aleine, må de søkje om det til dei ordinære søknadsfristane.

[ - ]

Det er i utgangspunktet berre to forhold som endrar ein institusjon si fullmakt til å opprette studium. Det eine er institusjonsakkreditering, som gir ein institusjon utvida faglege fullmakter. Det andre er akkreditering av ph.d.-studium, som ifølgje uh-lova § 3-3 (2) gir faglege fullmakter til å opprette studietilbod på mastergradsnivå innan same fagområde.

Meir informasjon om å søkje akkreditering av nye studietilbod og institusjonskategori

[ - ]


Relatert informasjon

De må heile tida halde greie på dei endringane som er gjorde i dei akkrediterte studia, slik at desse kan leggjast fram ved eit eventuelt tilsyn.