– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Fellesgradar – internasjonale og nasjonale

Ein fellesgrad (Joint Degree) vert utvikla i samarbeid mellom to eller fleire institusjonar. Det skal ligge føre ei avtale som regulerer ansvarsdelinga, og det skal gå fram av vitnemålet at studiet er gitt i samarbeid med andre institusjonar. Fellesgradar skal stå fram som noko anna enn eit utvekslingsprogram for enkeltstudentar.

Følgande definisjon av fellesgrad er gitt i Recommendation on the Recognition of Joint Degrees:

“A joint degree should ... be understood as referring to a higher education qualification issued jointly by at least two or more higher education institutions or jointly by one or more higher educations institutions and other awarding bodies, on the basis of a study programme developed and/or provided by the higher education institutions, possibly in cooperation with other institutions. A joint degree may issued as:

  • A joint diploma in addition to one or more national diplomas
  • A joint diploma issued by the institutions offering the study programme in question without being accompanied by any national diploma
  • One or more national diplomas issued officially as the only attestation of the joint qualification in question.”

Retningslinjar for internasjonalt gradssamarbeid er og vedteke av UNESCO/OECD Guidelines for Quality provision in Cross-border Higher Education.

Akkreditering av fellesgrad

Alle statlege og private institusjonar må søkje NOKUT om akkreditering av studier som ligg utanfor fullmakta til institusjonen. Dette gjeld og fellesgradar. Ein institusjon kan søkje om akkreditering av ein del av eit studium hvis delen går inn i ein fellesgrad.

Grunnlaget for akkreditering er gitt i forskrifta frå departementet av 1. februar 2010, kapittel 4, og forskrifta frå NOKUT § 4-5: Utfyllende bestemmelser for akkreditering av deler av studium som inngår i en fellesgrad. Krava i forskrifta frå departementet og forskrifta frå NOKUT må være oppfylte for å få akkreditert ein fellesgrad.

Internasjonale fellesgradar

Norske institusjonar kan gje fellesgrad saman med institusjonar frå utlandet. Den norske institusjonen har då ansvaret for å sikre at dei utenlandske institusjonanes del av studiet er akkreditert eller er godkjent i tråd med nasjonale reglar i dei aktuelle samarbeidslanda. Det skal leggast fram dokumentasjon for heile studiet, og det må gå fram tydeleg hvilke institusjonar som har ansvar for dei enkelte delane av studiet det søkes akkreditering for. Den norske delen må oppfylle krava i kriterier for det aktuelle gradsnivået.

Nasjonale fellesgradar

Norske institusjonar kan saman gje ein fellesgrad. Institusjonar som samarbeider om ein nasjonal fellesgrad, skal samla sett oppfylle NOKUTs kriterier for akkreditering av studier.

Rapportering av fellesgradar ved institusjonane

Rapportering av fellesgrader til NOKUT skjer gjennom rapportering til Database for statistikk om høgre utdanning (DBH). Institusjonane er pålagde å rapportere data om fellesgrader til DBH, og NOKUT vil bruke DBH som kjelde for informasjon om fellesgrader. Alle fellesgrader som er sette i gong, uavhengig av godkjenningsinstans, skal rapporterast. Institusjonane skal rapportere fellesgrader i tråd med DBH sine definisjonar under "Dokumentasjon - Studietilbud".