– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Akkreditering av nye studietilbod

Institusjonane som gir høgare utdanning, har ulike fullmakter til å opprette nye studium:

Universiteta er sjølvakkrediterande og kan sjølv opprette nye studium på alle nivå.

Vitskaplege høgskular og akkrediterte høgskular har sjølvakkrediteringsrett for studium på alle nivå innanfor fagområda der dei har rett til å gi doktorgrad, i tillegg til på bachelorgradsnivå for alle fagområde. Utanom fagområda for doktorgrad må vitskaplege høgskular og akkrediterte høgskular søkje NOKUT om akkreditering av nye mastergrads- og ph.d-studium.

Ikkje-akkrediterte høgskular må søkje om å opprette alle nye studietilbod.


Endringar i universitets- og høgskulelova (gjeldande frå 1. juli 2016)

Endringane inneber blant anna at studietilbod frå nye institusjonar berre kan akkrediterast dersom studietilbodet minst fører til ein bachelorgrad. Institusjonar som allereie har akkrediterte studietilbod kan søkje om  mindre einingar, desse må likevel vere minimum 30 studiepoeng.

Det kan søkjast om akkreditering av:

  • Bachelorgradsstudium (første syklus)
    Studietilbod frå 30 studiepoeng til og med bachelorgradsstudium og yrkesutdanningar av fire års normert studietid.
  • Mastergradsstudium (andre syklus)
    Mastergradsstudium med 120 studiepoeng, erfaringsbaserte mastergradsstudium med 90 og 120 studiepoeng og mastergradsstudium med 300 studiepoeng. Spesielt for akkreditering av grunnskolelærerutdanninger på masternivå
  • Doktorgradstudium (tredje syklus)
    Ph.d.-studium med 180 studiepoeng og institusjonsbasert stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid.
  • Fellesgrad (alle syklusar)
    Ein fellesgrad (joint degree) blir utvikla i samarbeid mellom to eller fleire institusjonar, frå same eller frå ulike land. Meir om fellesgradar.

Søkjarrettleiing


Relatert informasjon

Søknadsfristar 2017

  • 1. mars: 1. og 2. syklus
  • 15. september: 1. og 2. syklus
  • 1. november: 3. syklus