– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Kvalitetssikring og -utvikling

For at samfunnet kan ha tillit til at kvaliteten i høgare utdanning er tilfredsstillande, har NOKUT i oppgåve å føre tilsyn med og hjelpe til å utvikle kvaliteten på alle norske utdanningar og institusjonar. I tillegg informerer NOKUT om kvalitetstilstanden i høgare utdanning. Det er universiteta og høgskulane som sjølv har ansvar for kvaliteten i eigne studietilbod, men NOKUT kontrollerer og bidreg til kvalitetsutvikling.

Dette gjer NOKUT gjennom å:

  • godkjenne og føre tilsyn med institusjonar og utdanningar
  • forvalte og utvikle verkemiddel for å stimulere kvalitetsutvikling
  • tilverke, samanstille og analysere kunnskap om utdanning og kvalitet
  • informere om utdanning og kvalitet
  • skape møteplassar for meiningsutveksling og setje viktige tema på dagsordenen
  • gi råd til styresmaktene og utdanningsinstitusjonane

Institusjonane som tilbyr høgare utdanning, har ulike fullmakter til å opprette nye studium. Felles for dei alle er at alle studia må tilfredsstille krava i studietilsynsforskrifta. Universiteta kan sjølv opprette nye studium på alle nivå. Vitskaplege høgskular og høgskular med akkrediterte doktorgradsstudium har fullmakter innanfor fagområda sine. Akkrediterte høgskular kan sjølv opprette studium på bachelorgradsnivå. Ikkje-akkrediterte høgskular må søkje NOKUT om akkreditering av alle studietilbod. Meir om institusjonskategoriar.


Finn meir informasjon om:



Kva er høgare utdanning?

Høgare utdanning byggjer på vidaregåande utdanning eller tilsvarande erfaring og blir kjenneteikna ved at den er basert på:

  • forsking
  • fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid
  • erfaringskunnskap

Kva plikter har institusjonar som tilbyr høgare utdanning?

Alle som tilbyr høgare utdanning, etablert ved eiga fullmakt frå Kunnskapsdepartementet eller gjennom NOKUTs akkreditering, må utøve verksemda i samsvar med universitets- og høyskoleloven. Lova gjeld for alle, med mindre det er spesifiserte unntak.

I tillegg må alle ha kontinuerleg merksemd på at utdanningskvaliteten samsvarer med dei nasjonale krava som blir stilte gjennom studietilsynsforskrifta. Ved kvalitetssvikt kan institusjonen miste akkreditering for eit studium, eventuelt institusjonsakkrediteringa. I slike tilfelle må institusjonen ta ansvar for studentane dei har på studiet, slik at dei kan fortsetje på godkjente studium.

Lovverna titlar

Nemningar som vitskapleg høgskule, universitet og høgskule er verna ved lov: Det tyder at berre institusjonar som er akkrediterte som vitskapleg høgskule eller universitet, kan nytte desse nemningane. Nemninga høgskule kan berre nyttast av institusjonar som er akkreditert som høgskule, eller som er akkreditert for å tilby enkeltstudium.