– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Studiebarometeret

NOKUT gjennomfører ei nasjonal spørjeundersøking om studentane sin opplevde studiekvalitet på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

Undersøkinga omfattar nesten 60 000 studentar på 58 utdanningsinstitusjonar.

Alle studentar i andre studieår på bachelor- og masterprogram, samt 5.-årsstudentar på integrerte masterprogram, fekk høve til å delta. Vi spør kvart år studentar som er inne i deira 2. (5.) studieår ved programmet, dette er altså ikkje ei følgjestudie.

Studiebarometeret.no

I nettportalen er det mogleg å samanlikne studieprogram innanfor og mellom institusjonar. Den skal vere eit verktøy for studiesøkjarar som ønskjer å finne informasjon om studentane sine oppfatningar av kvaliteten. Portalen vil også vere nyttig for institusjonane sitt kvalitetsarbeid, og for studentar som er interessert i kvaliteten på studiet dei går på. Resultata frå undersøkinga finn du på www.studiebarometeret.no.

Spørjeundersøkinga

Vi spør studentane om oppfatninga deira av ulike kvalitetsdimensjonar ved studieprogrammet dei går på. Spørsmåla dreiar seg blant anna om undervisningskvaliteten, studieinnsatsen til studentane og yrkesrelevans. Det tek omlag 10 minutt å svare på undersøkinga. Lenker til undersøkinga blir sendt via e-post og SMS. For å svare på spørjeskjemaet kan ein bruke datamaskin, nettbrett eller smarttelefon.

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål eller kommentarar, kan du sende dei til denne e-postadressa: Studiebarometeret@nokut.no

Du kan òg kontakta desse personane:

Analysedirektør
Telefon: 975 25 062

[ - ]

Seniorrådgivar, avdeling for utgreiing og analyse
Telefon: 920 84 671

[ - ]

Seniorrådgivar, avdeling for utgreiing og analyse
Telefon: 486 69 327

[ - ]

rådgivar, avdeling for utgreiing og analyse
Telefon: 21 02 18 48

[ - ]