– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Om SFU-ordninga

Kunnskapsdepartementet oppretta i 2010 Senter for framifrå utdanning som ei nasjonal prestisjeordning for utdanningsverksemd i høgare utdanning.

Formålet med SFU-ordninga

SFU-ordninga inneber ein konsentrert, fokusert og langsiktig innsats for å stimulere til utvikling av undervisning og læringsmåtar i høgare utdanning på bachelor- og mastergradsnivå.

Det overordna målet med ordninga er å hjelpe til med utvikling av framifrå kvalitet i høgare utdanning og synleggjering av at undervisning og forsking er likestilte oppgåver for universitet og høgskular. Ei viktig målsetjing med SFU-ordninga er å stimulere til framifrå FOU-basert utdanning.

SFU-ordninga skal særleg fremje og premiere arbeidet som finn stad i interaksjonen mellom studentar, undervisarar, støttetenester og kunnskapsbasen til utdanninga.

Organiseringa av og varigheita til sentera

Eit SFU er knytt til ein utdanningsinstitusjon eller ein vertsinstitusjon, som står ansvarleg for verksemda. Vertsinstitusjonar kan vere universitet, vitskaplege høgskular og høgskular.

Utlysingane er i utgangspunktet opne for alle utdanningsområde, men Kunnskapsdepartementet kan også gi føringar for den einskilde utlysingsrunden. Intensjonen er at det skal kunngjerast nye senter kvart tredje år.

Tildeling av status som SFU blir gitt for fem år, med ei mogeleg forlenging til ti år. Det blir gjort ei evaluering av sentera etter tre og eit halvt års funksjonstid. Etter denne evalueringa blir det avgjort om senterstatusen blir forlengd til meir enn fem år.

Etablering av ordninga

Ideen kom frå Stjernø-utvalet og forslaget deira om å opprette eit "Senter for framifrå undervisning". Forslaget blei vidare utgreidd av Universitets- og høgskulerådet (UHR) i 2008–2009, under leiing av professor Kirsten Hofgaard Lycke, UIO. Hausten 2010 gav Kunnskapsdepartementet NOKUT i oppdrag å etablere og forvalte ei ordning med Senter for framifrå utdanning.

Ein ekstern komité, vald 1. oktober 2010 og leia av professor Roger Säljö ved Göteborgs universitet, hjelpte NOKUT i arbeidet med konkretisering av kriteria for tildeling av status som senter for framifrå utdanning. Komiteen hadde desse medlemene: professor Berit Kjeldstad, NTNU, professor Kåre Heggen, Høgskolen i Volda/Høgskolen i Oslo, professor Elin S. Mortensen, UIT og student Eirik Uthus, NSO. Kriteria blei etter ein høyringsrunde vedtekne av NOKUTs styre i april 2011. Les om kriteria.

Utlysing 2011

Utlysinga av midlar til etablering av pilotsenter for framifrå utdanning fann stad 12. april 2011, med søknadsfrist 20. juni 2011. Pilotrunden var knytt til lærarutdanning, og institusjonar som tilbaud desse utdanningsprogramma, kunne søkje: grunnskulelærarutdanning, førskulelærarutdanning, yrkesfaglærarutdanning, faglærarutdanning og femårige integrerte mastergradsprogram (lektorprogramma). Senterstatus blei gitt til ProTED – Centre for Professional Learning in Teacher Education, eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø.

Les meir om utlysinga i 2011

NIFU-evaluering i 2013

NIFUs evaluering gir innsikt i implementeringa av SFU-ordninga. Rapporten gir kunnskapsgrunnlag for vidareføringa av ordninga frå pilotutlysinga i 2011 til ny utlysing i 2013, ved å analysere erfaringar og vurderingar frå aktørar som har vore sentrale i etableringa av SFU-ordninga i Noreg. Evalueringa konkluderer med at NOKUTs forvaltning av ordninga har fungert tilfredsstillande. NIFU tilrår ordinær drift av SFU-ordninga i tråd med praksisane som er utvikla i pilotfasen. Vidare viser evalueringa at det er positiv konsensus rundt verdien av SFU som eit nasjonalt styringsmiddel for å heve kvalitet og status på norsk høgare utdanning.

Les NIFU-evalueringa (pdf)

Utlysing 2013

I 2013 blei det lyst ut midlar til tre nye senter. Utlysinga var open for alle fagmiljø, og NOKUT mottok søknader frå eit stort spenn av fagmiljø. Senterstatus blei gitt til tre senter:

Les meir om utlysinga i 2013

Utlysing 2016

I 2016 blei det lyst ut midlar til tre til seks nye senter. Utlysinga var open for alle fagmiljø, og NOKUT mottok 22 søknader frå 12 universitet og høgskular. CCSE, CEFIMA, ENgage og ExcITEd fekk SFU-status.

Les meir om utlysinga i 2016