– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Administrasjonsavdelinga

Administrasjonsavdelinga har ansvaret for dei interne fellesfunksjonane økonomi og styring av verksemd, HR, IKT, arkiv, kontortekniske tenester og drift av lokale.

Avdelinga har ei viktig rolle i arbeidet med å utvikle NOKUT som organisasjon og hjelpe til og sikre ein heilskapleg og effektiv praksis i tråd med strategiar, retningslinjer og andre regelverk. I tillegg yter avdelinga service og gir stønad til dei andre avdelingane i den daglege drifta av NOKUT.

HR. utfører løpande personaladministrasjon, gi råd til linjeleiinga i personalspørsmål og tek hand om det overordna HMS-arbeidet. HR varetek arbeidsgivarrolla ved forvaltning av NOKUT sine avtale- og regelverk. Teamet har i tillegg ansvaret for NOKUT sin felles kompetanse – leier og organisasjonsutviklingsaktivitetar.

[ - ]

Økonomifunksjonen består av løpande lønns- og rekneskapsoppgåver, og har samordningsansvaret for årsplan- og budsjettprosessane.

I tillegg skal økonomiteamet sikre kontroll av arbeidsprosessane i NOKUT og gjennomføre nødvendige vurderingar med sikte på eit best mogeleg vedtaksgrunnlag for styret og direktør. Det overordna ansvaret for anskaffingar i NOKUT er lagt til økonomiteamet.

[ - ]

Seksjonen har ansvar for avdelinga sine tenester innan kontorteknisk drift, lokale, IKT og arkiv.

Seksjonen er leidd av driftssjef
Karl Johan Berg

Direkte telefon: 21 02 18 80
E-post: KarlJohan.Berg@nokut.no
Bilete: Karl Johan Berg
[ - ]

Bilete: Kathrine Dahlslett Graff
Avdelingen er leidd av administrasjonsdirektør
Kathrine Dahlslett Graff
Direkte telefon: 21 02 18 44
Mobiltelefon: 959 01 827
E-post: kdg@nokut.no