– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Kva gjer NOKUT?

NOKUT har som hovudoppgåve å dokumentere og informere om tilstanden i høgare utdanning, fagskuleutdanning og godkjent utanlandsk utdanning.

Som eit uavhengig forvaltningsorgan fører NOKUT tilsyn med utdanningsinstitusjonar og bidrar med faktabaserte råd som skal stimulere til auka utdanningskvalitet. NOKUT skal bidra til å sikre at studentar i Noreg får ei relevant utdanning som held høg kvalitet. Totalt fører vi tilsyn med 4 500 utdanningstilbod ved rundt 140 lærestader. Vi er også ansvarlege for Sentre for framifrå utdanning og den nasjonale studentundersøkinga Studiebarometeret.

NOKUT godkjenner også utanlandsk utdanning og bidrar til at personar med kompetanse frå utlandet kan nytte denne og få relevant jobben i Noreg. Dessutan bidrar NOKUT til at arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar har god informasjon om kva utanlandsk kompetanse svarar til i Noreg.  Vi tek imot over 6 000 søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning kvart år.

NOKUT har som mål å vere:

  • ein tydeleg og synleg ambassadør for utdanningskvalitet
  • ein sentral premissleverandør med solid kompetanse på norsk og utanlandsk høgare utdanning og norsk fagskuleutdanning
  • eit kompetent, etterretteleg og effektivt forvaltingsorgan


Relatert informasjon