– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Strategi for utvikling av NOKUT 2015–2020

NOKUTs strategi for 2015–2020 tek utgangpunkt i at NOKUT har potensial til å ta eit meir heilskapleg ansvar som nasjonalt kompetansesenter. NOKUT skal i større grad dokumentere og informere om tilstanden i høgare utdanning, fagskuleutdanning og godkjend utanlandsk utdanning. Gjennom å avdekkje verkelegheita skal NOKUT gi fleire faktabaserte råd og bidra til å utvikle kvaliteten i høgare utdanning, fagskuleutdanning og systemet for å godkjenne utanlandsk utdanning.

Med denne strategien ønskjer vi å stake ut retninga for eit NOKUT som tek ei større rolle som ambassadør for utdanningskvalitet i det norske samfunnet i åra som kjem.

Strategidokumentet tydeleggjer samfunnsoppdraget til NOKUT og oppgir tre overordna mål som NOKUT skal styrast etter. Det består dessutan av fem utviklingsstrategiar som trekkjer opp hovudretninga for eit meir offensivt NOKUT som skal ta i bruk fleire verkemiddel for å nå måla.


Last ned heile dokumentet: