– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Generelt om norsk utdanning

NOKUT har ansvaret for å kvalitetssikre høgare utdanning og fagskuleutdanning i Noreg, men desse utdanningane er ein del av eit meir omfattande utdanningssystem og byggjer på grunnutdanning og vidaregåande opplæring.

Barn og unge har rett og plikt til å gjennomføre grunnskulen i Noreg. Også vaksne har rett til grunnskuleopplæring. Alle som har fullført grunnskulen, har rett til vidaregåande opplæring som fører fram til studie- eller yrkeskompetanse. Med studiekompetanse kan ein gå vidare på ei universitets- eller høgskuleutdanning. Høgare utdanningar finst på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Dei skal vere baserte på forsking. Fagskulen er eit kortvarig, yrkesretta alternativ til høgare utdanning.

Her følgjer ei oversikt over det norske utdanningssystemet:

Barnehagen er eit pedagogisk tilbod for barn fram til skulepliktig alder. Tilbodet er frivillig, og barn kan begynne i barnehagen ved ulik alder, men alle barn har rett til barnehageplass i kommunen sin frå dei er eitt år gamle. Barnehagen skal vere til hjelp for familiar og bidra til at barn utviklar seg sosialt og pedagogisk. I tillegg skal barnehagen gjere det mogleg for foreldre og føresette å arbeide eller studere samtidig som dei har ansvar for små barn. Rammeplanen for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen gir retningslinjer for verdigrunnlaget og arbeidsmåtane i barnehagen og skal bidra til å sikre barn eit likeverdig tilbod av god kvalitet.

Sidan januar 2011 har kommunane hatt heile ansvaret for å finansiere utbygginga og drifta av dei kommunale barnehagane, som utgjer litt over halvparten av alle barnehagane i landet. Ikkje-kommunale barnehagar kan òg få driftstilskot frå kommunen. Alle barnehagar skal ha ein pedagogisk leiar og ein styrar som er utdanna førskule-/barnehagelærarar.

[ - ]

Grunnopplæringa i Noreg går normalt over 13 år og inkluderer grunnskule (1.–10. trinn) og vidaregåande opplæring (11.–13. trinn). Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for å føre tilsyn med kvaliteten i grunnopplæringa.

Grunnskule

Grunnskulen er tiårig og består av to hovudtrinn: barnetrinnet (1.–7. trinn) og ungdomstrinnet (8.–10. trinn). Elevane begynner på grunnskulen det kalenderåret dei fyller seks år, og fullfører normalt det året dei fyller 16.

Dei fleste skulane i Noreg er kommunale, og det er kommunen som er ansvarleg for drifta og administrasjonen av skulane sine. Grunnskuleopplæringa er gratis og obligatorisk. Ho byggjer på prinsippet om likeverd og tilpassa opplæring for alle i ein inkluderande fellesskule. Det er eit mål at alle barn og unge skal oppnå grunnleggjande ferdigheiter, få del i eit felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag og oppleve meistring og utfordring i skulen.

Elevane på barnetrinnet får ikkje karakterar. På ungdomstrinnet skal elevane ha karakterar i obligatoriske fag til jul og ved slutten av skuleåret. Etter at elevane har fullført grunnskulen, får dei eit vitnemål med avgangskarakterar. Med fullført grunnskule har du rett til tre års vidaregåande opplæring.

Skulefritidsordninga er ikkje ein del av grunnskulen, men det er lovfesta at alle kommunar skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for alle på 1.–4. klassetrinn og for elevar med særskilde behov på 1.–7. klassetrinn.

Vidaregåande opplæring

Vidaregåande opplæring består av enten studieførebuande opplæring eller yrkesfagleg opplæring. Denne skal kvalifisere elevane til arbeidsliv eller høgare utdanning. Det er fylkeskommunane som finansierer vidaregåande opplæring, og dei har stor fridom til å organisere opplæringa. Alle som har fullført grunnskulen eller tilsvarande, har rett til vidaregåande opplæring. Vaksne over 25 år har etter søknad rett til vidaregåande opplæring for vaksne.

Den vidaregåande opplæringa er delt inn i 13 utdanningsprogram – 5 studieførebuande og 8 yrkesfaglege. Studieførebuande opplæring er ei treårig utdanning med vekt på teoretiske fag. Ho gir generell studiekompetanse for opptak til høgare utdanning.

Yrkesfagleg opplæring fører i hovudsak til fag- eller sveinebrev, normalt med to år på skule og to år i lære i ei bedrift. I yrkesfag som ikkje er lærefag, går all opplæringa føre seg på skule. Det er mogleg å byggje på ei yrkesfagleg opplæring for å oppnå generell studiekompetanse (vg3-påbygging).

Studieførebuande utdanningsprogram:

  • studiespesialisering med programområde for realfag, formgivingsfag og språk, samfunnsfag og økonomi
  • idrettsfag
  • kunst, design og arkitektur
  • musikk, dans og drama
  • medium og kommunikasjon

Yrkesfaglege utdanningsprogram:

  • bygg- og anleggsteknikk
  • design og handverksfag
  • elektrofag
  • helse- og sosialfag
  • naturbruk
  • restaurant- og matfag
  • service og samferdsle
  • teknikk og industriell produksjon
[ - ]

Folkehøgskular er eksamensfrie internatskular og eit alternativ og supplement til det formelle utdanningssystemet. Utdanningsdirektoratet har det administrative ansvaret for folkehøgskulane. Sjølve undervisninga er gratis, men elevane betaler for å bu på internat og for mat, materiell og studieturar.

Folkehøgskular har eksistert i Noreg sidan slutten av 1800-talet og har grunnlaget sitt i ein pedagogisk filosofi som er utvikla av den danske pedagogen og teologen Grundtvig. Kvar skule står fritt til å velje sitt eige verdigrunnlag eller sin eigen profil. Det finst både frilynte, uavhengige folkehøgskular og kristne folkehøgskular som er eigde av eller nært knytte til kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar. Skulane tilbyr ulike linjefag, som vanlegvis går over eitt skuleår (33 veker), men somme tilbyr òg kortare kurs. Dei fleste skulane har 18-års aldersgrense, og mange vel å ta eit år på folkehøgskule etter at dei er ferdige med vidaregåande.

[ - ]

Fagskuleutdanningar er korte, yrkesretta utdanningar som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Fagskulane stiller ikkje krav om generell studiekompetanse. Kor lenge fagskuleutdanningane varer, varierer, men dei skal ha eit omfang som svarer til minimum eit halvt og maksimum to studieår.

Det finst både offentlege og private fagskular. Fylkeskommunane tilbyr mellom anna offentleg finansierte tekniske og maritime utdanningar og har òg tilbod innanfor helse- og sosialfag. Private aktørar har ei rekkje tilbod innanfor kreative fag, merkantile fag, service-, medie-, multimedie- og IKT-fag. Ei fagskuleutdanning skal vere eit alternativ til høgare utdanning og skal gi kompetanse ein kan gå rett ut i arbeidslivet med.

Fagskuleutdanningane må godkjennast av NOKUT. Godkjenninga gir studentane rett til utdanningsstønad i Lånekassen. Her kan du sjå ei oversikt over godkjende fagskular.

Hos DBH Fagskolestatistikk finn du meir informasjon og statistikk om fagskular.

[ - ]

I Noreg er det til saman 38 akkrediterte (godkjende) høgare utdanningsinstitusjonar (januar 2017). Av desse er 8 universitet, 8 vitskaplege høgskular og 22 høgskular, av desse 1 kunsthøgskule. I tillegg er det 17 ikkje-akkrediterte høgskular som har godkjende utdanningstilbod på lågare gradsnivå. Det overordna ansvaret for akkrediteringa ligg hos Kunnskapsdepartementet og er regulert i lov om universiteter og høyskoler og i m.a. NOKUT-forskrifta (sjå lover og forskrifter).

Universiteta og dei fleste høgskulane er statlege, og utdanninga ved desse er gratis. Ved private lærestader betaler studentane skulepengar, men mange av dei får òg økonomiske tilskot frå staten. Det er Kunnskapsdepartementet som har det overordna ansvaret for høgare utdanning i Noreg. Her finn du ei liste over akkrediterte høgare utdanningsinstitusjonar.

Det er Samordna opptak som har ansvaret for å administrere opptak til høgare utdanning på grunnivå (bachelorgrad, høgskulekandidat eller årsstudium) på universitet og høgskular. Generell studiekompetanse eller tilsvarande er eit kriterium for opptak til høgare utdanning, men utdanningane kan ha ulike opptakskriterium utover dette. I enkelte utdanningar krev ein eit visst karaktergrunnlag eller bestemte fagkombinasjonar frå vidaregåande skule. Dersom det er mange søkjarar til ei utdanning, konkurrerer dei vanlegvis om studieplassane med poeng som blir rekna ut basert på karakterar frå vidaregåande skule og eventuell relevant arbeidserfaring.

Innanfor enkelte studieretningar kan ein søkje opptak utan å ha generell studiekompetanse. Dette blir kalla y-vegen. På slike studium kan studentar komme inn på grunnlag av relevant fagbrev, sveinebrev eller yrkeskompetanse frå vidaregåande. Institusjonane vel sjølve om dei vil gjere opptak via y-vegen, og må i så fall søkje Kunnskapsdepartementet om dispensasjon frå ordinært opptak (generell studiekompetanse).

Enkelte private utdanningsinstitusjonar har eige opptak. Då sender søkjarane søknad direkte til lærestaden.

Studiepoeng, karakterar og gradar

Oppnådd utdanning blir målt i studiepoeng og følgjer europeiske standardar. Eit fulltidsstudium i eitt akademisk år gir 60 studiepoeng. Eksamenskarakterar følgjer ein skala frå A (høgast) til F (stryk), der E er lågaste ståkarakteren. Ved enkelte eksamenar får kandidatane berre vurderinga "greidd" eller "ikkje greidd".

Sidan 2003 har høgare utdanning vore strukturert som treårig bachelorgradsutdanning, toårig mastergradsutdanning og treårig doktorgradsutdanning, med nokre unntak.

Bachelorgradsstudium

Eit bachelorgradsstudium er eit treårig studieprogram (180 studiepoeng/ECTS). Bachelorgraden kan du etter visse reglar byggje ut til ein mastergrad og vidare til ein doktorgrad.

Somme av bachelorgradsprogramma har ei fast oppbygging, i andre kan du velje mellom ulike emne når du har gjennomført første delen av studiet. For studieprogram der du kan velje friare, gir lærestaden visse retningslinjer som du må følgje for å oppnå bachelorgraden.

Høgskulekandidatstudium
Ved høgskulane finst det nokre toårige studieprogram på bachelorgradsnivå som gir tittelen høgskulekandidat.

Årsstudium / påbyggingsstudium / kortare studium
Det finst òg ei rekkje årsstudium, påbyggingsstudium og kortare studium ved lærestadene. Mange av dei kan inngå i ein bachelorgrad. Nokre av dei kan òg vere grunnlag for profesjonsstudium i faget, til dømes i psykologi.

Mastergradsstudium

Eit mastergradsstudium er som oftast eit toårig studieprogram (120 studiepoeng/ECTS). Studiet byggjer på fagleg fordjuping i bachelorgraden og omfattar mellom anna sjølvstendig arbeid.

Enkelte mastergradsstudium byggjer på relevant yrkespraksis i tillegg til fagleg fordjuping i bachelorgraden. Dette er såkalla erfaringsbaserte studium, og dei kan ha eit omfang på både to år (120 studiepoeng/ECTS) og halvanna år (90 studiepoeng/ECTS).

Doktorgrad (ph.d.)

Denne graden byggjer på ein mastergrad eller ei tilsvarande utdanning og er den høgaste akademiske graden ein kan oppnå i Noreg. Studiet skal vere basert på uavhengig forsking i samarbeid med rettleiarar og andre forskarar og kan gjennomførast innanfor rammene av eit forskarutdanningsprogram.

Profesjonsstudium

Profesjonsstudia er kjenneteikna av fastlagde fagplanar over fleire år innanfor eit fagområde.

Treårige profesjonsstudium gir bachelorgrad. Døme på slike studium er sjukepleiarutdanning og sosionomutdanning.

Mange høgskular har fireårige lærarutdanningar. Kandidatane kan få graden bachelor etter tre år dersom utdanninga oppfyller krava til bachelor i samsvar med høgskulen sine forskrifter. Grunnskulelærarkompetanse oppnår du først etter fire år.

Femårige profesjonsstudium (integrerte mastergradar) finn vi særleg ved universiteta innanfor desse fagområda: farmasi, fiskerifag, informatikk, ingeniørfag, jus, odontologi, lærarutdanning og samfunnsøkonomi.

Seksårige profesjonsstudium gir eigne gradar. Medisin-, veterinær-, psykologi- og teologistudiet gir gradane cand.med., cand.med.vet., cand.psychol. og cand.theol.


Studentar innanfor høgare utdanning (2013)


Tabell: Studentar i 2013 | Kjelde: DBH (2013)*


Studenter fordelt på institusjonstype (2013) 

Figur: Prosentandel studenter pr. institusjonstype

Figur: Prosentandel studentar per institusjonstype | Kjelde: DBH (2013)

Meir statistikk om høgare utdanning kan du finne på Database for statistikk om høgre utdanning.

* Tala frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH) er dei mest oppdaterte, men omfattar ikkje Politihøgskolen eller militære høgskular.

[ - ]

Vaksenopplæringa i Noreg gjer det mogleg for vaksne å tileigne seg nødvendige grunnleggjande ferdigheiter og formalisere og utvikle kompetansen sin. Kommunar og fylkeskommunar har ansvaret for å tilby grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

Etter- og vidareutdanningstilbod gir den enkelte oppdatert kompetanse og betre omstillingsevne og skal sikre bedrifter og verksemder tilsette med nødvendige kunnskapar og ferdigheiter.

Vidareutdanningar er studium som gir ny formell kompetanse på universitets- og høgskulenivå (gir studiepoeng/ECTS). Innanfor helsefaga er det mange vidareutdanningar, til dømes i anestesisjukepleie og kreftsjukepleie. Enkelte vidareutdanningar kan stille krav om relevant yrkespraksis i tillegg til bachelorgrad / offentleg godkjenning som sjukepleiar eller liknande.

Etterutdanning er ei oppdatering av eksisterande kompetanse, men gir ikkje studiepoeng/ECTS.

Ifølgje arbeidsmiljølova har alle arbeidstakarar krav på permisjon, heil- eller deltid, for å ta del i organisert læring. Fagskulane tilbyr fleksible og yrkesretta studium som kan takast i bruk i arbeidslivet utan vidare opplæringstiltak. Kva utdanningar fagskulane skal tilby, skal derfor vere styrt av etterspurnaden etter kompetanse i arbeidslivet. Dei høgare utdanningsinstitusjonane er òg viktige når det gjeld å tilby etter- og vidareutdanning.

Tett kontakt mellom utdanning og arbeidsliv er nødvendig for at institusjonane skal kunne utvikle etter- og vidareutdanningstilbod som dekkjer det kunnskapsbehovet verksemdene og den enkelte har.

[ - ]

Ordningane for utdanningsstønad i Noreg skal bidra til at alle skal ha same høvet til å skaffe seg utdanning. Dei skal òg medverke til å sikre samfunnet tilgang på nødvendig og kompetent arbeidskraft. Det er Lånekassen som administrerer dei ulike stipend- og låneordningane. Lånekassen har to hovudordningar for stønad: éi for unge elevar som tek vanleg vidaregåande opplæring, og éi for folk som tek høgare utdanning og anna utdanning, til dømes grunnskuleopplæring for vaksne, fagskuleutdanning og folkehøgskule.

Eit utdanningslån er som hovudregel rentefritt under utdanninga. Studentar på høgare utdanning får ein fast stønadssum utbetalt som lån. For studentar som ikkje bur saman med foreldra, kan delar av lånet gjerast om til stipend etter kvart som dei gjennomfører utdanninga.

[ - ]


Figur over utdanningssystemet (klikk på biletet for større versjon):

Bilde: Utdanningssystemet i Norge 2014

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB)


Innhaldet på denne sida er basert på informasjon frå: