– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Vesentlege endringar i allereie godkjente fagskuletilbod

Alle som gjer vesentlege endringar av godkjente fagskuleutdanningar og/eller fagområde skal søkje NOKUT om godkjenning av endringane.

Det er ikkje mogleg å lage ei uttømmande liste over vesentlege endringar, men i fagskoletilsynsforskriften § 3-8 er følgjande endringar i utdanninga definert som vesentlege:

  • endre namn på utdanninga
  • endre det samla læringsutbyttet for utdanninga, jf. § 3-2
  • etablere nye studiestader
  • tilby ei tidlegare godkjent stadbasert utdanning som ei nettbasert utdanning

I tillegg er endringar som gjeld kven som er ansvarleg for utdanninga vesentlege, og skal meldast til NOKUT.

NOKUT forventar at studieplanen blir oppdatert kontinuerleg, slik at den til ei kvar tid er relevant og i tråd med utviklinga i yrkesfeltet. Slike justeringar reknar vi ikkje som vesentlege og dei må ikkje søkjast godkjenning for hos NOKUT, med mindre justeringane fører til endring i det samla læringsutbyttet.


Søknadsfristar

Søknader om å tilby ei stadbasert utdanning nettbasert, og om endring av læringsutbyttet av utdanninga har søknadsfrist 1. mars og 15. september. Søknader om oppretting av ny studiestad og om andre vesentlege endringar kan sendast utanom søknadsfristane.

Varsling av søknader

For å få til ei meir effektiv saksbehandling, kan du no på førehand varsle oss om søknad. Meir informasjon om varsling av fagskulesøknader.


Spørsmål?

Spørsmål om vesentleg endring kan sendast til fagskole@nokut.no. Dette gjeld også søknader om endring av namn på godkjente utdanningar eller endring av ansvarleg tilbydar.