– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Tilsyn med eksisterande fagskuletilbod

NOKUT kan på fritt grunnlag føre tilsyn med alle eksisterande fagskuletilbod. Dette gjeld både dei fagskuletilboda vi har godkjent, og dei som fagskulane har etablert på eiga fullmakt (sjå fagområde).

Når vi fører tilsyn med eksisterande fagskuletilbod, bruker vi dei same kriteria som ved akkreditering av nye studietilbod (sjå Forskrift om tilsyn med kvaliteten i fagskoleutdanning (fagskoletilsynsforskriften)).

I tillegg til å kontrollere at utdanningskvaliteten oppfyller minstekrava våre, ønskjer vi at tilsynet motiverer fagskulane til vidare utvikling.

Tilsynet med eksisterande fagskuletilbod er organisert i fire trinn:

Vi vel ut studium til kartlegging éin gong i året. Dette skjer på bakgrunn av NOKUTs tematiske prioriteringar, informasjon frå anna NOKUT-verksemd og uromeldingar.

  • NOKUTs tematiske prioriteringar set fokus på enkelte tema der vi har spesiell interesse for utdanningskvalitet. Val av tema tyder ikkje nødvendigvis at det er teikn på kvalitetssvikt, men kan også vere for å synleggjere positive utviklingstrekk i sektoren.
  • Informasjon frå anna NOKUT-arbeid, for eksempel evaluering av kvalitetssikringssystem, kan også gi informasjon som gjer at vi startar kartlegging av eitt eller fleire fagskuletilbod.
  • Når vi tek imot uromeldingar om utdanningskvalitet, undersøkjer vi først om institusjonen er kjend med klaga, og om dei har gjort sitt beste for å rette opp eventuelle svake punkt. Som regel tek fagskulane klager på alvor, men i nokre tilfelle undersøkjer vi saka vidare.

Kartlegging inneber at NOKUT samlar tilgjengeleg informasjon om fagskuletilboda. Dette gjer vi for å få eit inntrykk av korleis fagskulane varetek fullmakta si.

I kartlegginga hentar vi informasjon om fagskuletilbodet frå kjelder som DBH-Fagskolestatistikk, nettsidene til fagskulen og tidlegare søknader der det er aktuelt.

Ofte er det slik at desse kjeldene ikkje gir oss tilstrekkeleg informasjon til å vurdere om utdanningskvaliteten er god nok. I slike tilfelle ber vi fagskulen om ei klargjering.

[ - ]

Når NOKUT vender seg til institusjonen og ber om tilleggsinformasjon, blir det kalla ei klargjering.

Meldinga sender vi som brev til fagskulen. I dette brevet står det kva for nokre av NOKUTs kriterium fagskulen må klargjere (sjå fagskoleforskriften). Svarfristen på denne meldinga er seks veker.

Saman med den informasjonen vi sjølv har samla inn under kartlegginga, vil utgreiinga til institusjonen setje oss betre i stand til å vurdere om utdanningskvaliteten er god nok, eller om institusjonen må setje i verk tiltak for å utvikle kvaliteten.

Dersom vi framleis manglar informasjon eller ser teikn på svake punkt i utdanningskvaliteten, går studiet vidare til neste trinn i tilsynsmodellen: dialog og utvikling.

[ - ]

Vi opnar formelt tilsyn i dei tilfella der vi gjennom klargjeringsfasen framleis ikkje har fått god nok informasjon, og/eller ser teikn på svake punkt i utdanningskvaliteten.

Først inviterer vi fagskulen til dialog for å sikre ei felles oppfatning av situasjonen. Så gir vi skulen høve til å rette opp svake punkt i utdanningskvaliteten. Institusjonen vil få fem månader til å rette opp manglane.

På bakgrunn av dialogen med institusjonen avgjer vi om det er behov for å revidere studiet. I samband med dette vurderer vi risikoen for kvalitetssvikt og konsekvensane dette kan ha for studentane, sektoren sitt omdømme og/eller legitimiteten vår som tilsynsorgan.

[ - ]

Dei mest alvorlege tilfella går vidare til revidering. Denne prosessen begynner med at NOKUTs styre vedtek kva fagskuletilbod som skal reviderast. Så blir det valt ein sakkunnig komité. Fagskulen må levere ein sjølvevalueringsrapport. Vurdering av kvalitetssikringssystem inngår alltid i ei revidering.

Den sakkunnige komitéen gjer ei fagleg vurdering av sjølvevalueringsrapporten og vurderer om krava til utdanningskvalitet er oppfylte (sjå Forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høyere utdanning og fagskoleutdanning). Den sakkunnige komitéen vil også møte fagskulen for å styrkje informasjonsgrunnlaget for vurderinga si. Den samla vurderinga resulterer i ein rapport frå komitéen.

På bakgrunn av denne rapporten vedtek NOKUTs styre om godkjenninga for det reviderte fagskuletilbodet eller fagområdegodkjenninga skal oppretthaldast eller trekkjast tilbake. Før vi trekkjer tilbake ei godkjenning, vil fagskulen få eit siste høve til å rette opp utdanningskvaliteten. Dersom NOKUT finn at kvaliteten ved eit utdanningstilbod ikkje er i samsvar med dei krava som blir stilt, skal tilbydar få ein frist på inntil seks månader for å rette opp forholda. Styret avgjer så om godkjenning skal oppretthaldast eller trekkjast tilbake.

Krav til sakkunnig komité

NOKUT har fastsett krav til at den sakkunnige komitéen skal ha:

  • teoretisk kunnskap på tilstrekkeleg høgt nivå
  • pedagogisk erfaring med å undervise ved lik eller liknande utdanning på tertiært nivå
  • god kunnskap innan yrkesfeltet inkludert relevant yrkeserfaring
  • ein studentrepresentant med i komitéen

Når NOKUT vel sakkunnig komité ved revidering, skal dei sakkunnige til saman ha ein kombinasjon av desse kompetansane. I tillegg skal det vere ein studentrepresentant med i komitéen.

Les meir om bruken av sakkunnige i tilsyn med eksisterande utdanningstilbod.

Tilsynsrapportar med vedtak

All informasjon som har kome fram gjennom dei ulike fasane, blir omtalt i tilsynsrapportar. Rapportane er offentleg tilgjengelege og blir publisert under Tilsynsrapporter.

[ - ]