– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Godkjenning av system for kvalitetssikring

Alle som tilbyr utdanning godkjent etter fagskulelova er frå februar 2010 pålagt å ha eit tilfredsstillande system for kvalitetssikring av utdanninga.

Tilbydarar som hadde godkjente utdanningar på dette tidspunktet blir no forventa å fullt ut kunne dokumentere eit system i funksjon. Nye tilbydarar som søkjer om godkjenning av utdanningstilbod må leggje ved søknaden ei systemskildring for kvalitetssikringssystemet og klargjere for val av kvantitativ kvalitetsinformasjon.

NOKUT skal vurdere den strukturelle oppbygginga av systemet, den dokumentasjonen det bringar fram og dei vurderingane av utdanningskvaliteten som tilbydar sjølv gjer. Vurderingane av systemet skjer framleis i samband med søknad om godkjenning av nye utdanningstilbod.


Tilbydarar utan godkjente fagskuleutdanningar

For å få godkjent systemet må nye tilbydarar leggje fram følgjande dokumentasjon:

  • Presentasjon av kva kvantitativ informasjon fagskulen har valt for å klargjere kvaliteten i studietilboda.
  • Systemskildring. Det må gå fram av skildringa korleis institusjonen fyller dei krava til system for kvalitetssikring som er sett i § 5-1 i fagskoletilsynsforskriften, og korleis dette heng saman i eit heilskapleg system.

    Les rettleiing til system for kvalitetssikring

Tilbydarar med godkjente utdanningar som ikkje tidlegare har fått godkjent kvalitetssikringssystemet sitt

For å få godkjent system for kvalitetssikring blir følgjande dokumentasjon kravd:

  • Presentasjon av kva kvantitativ informasjon fagskulen har valt for å klargjere kvaliteten i studietilboda.
  • Systemskildring: Det må gå fram av skildringa korleis institusjonen fyller dei krava til system for kvalitetssikring som er sett i § 5-1 i fagskuletilsynsforskrifta, og korleis dette heng saman i eit heilskapleg system.
  • Dokumentasjon på gjennomførde studentevalueringar: Dette kan vere oppsummeringar frå studentevalueringar, men dersom det ikkje blir gjort ei eiga oppsummering kan eksempel på nokre av tilbakemeldingane frå studentane leggjast ved. Legg då ved eksempel frå fleire av studietilboda til skulen, der dette er aktuelt.
  • Dokumentasjon på dei skriftlege vurderingane frå undervisningspersonalet av utdanningstilbodet: Det kan vere oppsummeringar frå slike, men dersom det ikkje blir gjort ei eiga oppsummering, kan eksempel på nokre av tilbakemeldingane frå lærarane leggjast ved. Legg då ved eksempel frå fleire av studietilboda til skulen, der dette er aktuelt.
  • Dokumentasjon på dei skriftlege vurderingane frå sensorane av utdanningstilbodet: Dette kan vere oppsummeringar frå slike, men dersom det ikkje blir gjort ei eiga oppsummering kan eksempel på tilbakemeldingar frå enkelte sensorar leggjast ved. Legg då ved eksempel frå fleire av studietilboda til skulen, der dette er aktuelt.
  • Dokumentasjon på vurderinga frå dei eksterne interessentane av utdanningstilboda: Dersom det blir gjennomført spørjeundersøkingar kan det sendast inn oppsummering av desse, eller eksempel på enkelte tilbakemeldingar frå interessentane. Legg då ved eksempel frå fleire av utdanningstilboda til skulen, der dette er aktuelt. Referat frå dialogmøte der tilbakemelding om kvaliteten på utdanninga er eit tema, kan også vere relevant dokumentasjon.
  • Årsrapport om kvalitet i utdanninga.