– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Klagerett

Ein fagskule kan klage på NOKUTs vedtak om godkjenning, vedtak om revidering av godkjenning og på vurderinga av kvalitetssikringssystem. Klager blir behandla av ei uavhengig klagenemnd.

Klagenemnda til NOKUT prøver vedtak mot reglane i forvaltningslova om saksbehandling. Ein fagskule kan ikkje klage på NOKUTs  faglege vurdering.

Medlemene i klagenemnda til NOKUT er vald av Kunnskapsdepartementet. Leier og nestleiar i klagenemnda er lagdommarar.

Korleis klage?

Fagskulen gjer greie for kva grunnlag dei klagar på og stiler klaga til NOKUT. NOKUT sender klaga til klagenemnda som har møte kvart kvartal.

Klagenemndas mandat

Klagenemnda kan vurdere om NOKUT har gjort saksbehandlingsfeil, rettsbruksfeil og om det finnast maktmisbruk, usakleg forskjellsbehandling eller andre brot på forvaltningsrettslege prinsipp.

Klagenemnda kan ikkje overprøve NOKUTs vurdering av nivået på den avlagte utdanninga og omfang, og heller ikkje vurderingane til NOKUTs sakkunnige.


Relatert informasjon