– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Varsling av fagskulesøknader

Frå og med søknadsrunden våren 2015 gjennomfører NOKUT ei prøveordning for å effektivisere søknadsbehandlinga.

Vi ønskjer at søkjarar varslar NOKUT om kva dei – med stort sannsyn – kjem til å søkje om ved fyrstkomande søknadsfrist. Dette gjer at saksbehandlarane våre tidlegare kan begynne søket etter sakkunnige. Å få tak i gode sakkunnige er den største flaskehalsen i godkjenningsarbeidet, og er den vanlegaste forklaringa på seinka vedtak frå NOKUT.


Kva ønskjer vi varsling om?

Innhaldet i varselet

Vi treng tilstrekkeleg informasjon om innhaldet i utdanninga for å kunne begynne søket etter sakkunnige. Denne informasjonen vil berre nyttast til å finne sakkunnige, og vil ikkje ha nokon innverknad på vurderinga av søknaden.

Skjema

Bruk følgjande skjema: Skjema for varsling av søknad til NOKUT (docx) (blir opna i eit nytt vindauge).


Tidspunkt for varsling

  • For søknadsfristen 1. mars: innan 1. januar
  • For søknadsfristen 15. september: innan 15. juli

Det vil vere mogleg å varsle fram til ei veke før søknadsfristen, men vi håper varsel kjem i god tid i førevegen.


Innsending

Send varselet til fagskole@nokut.no.