– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Kva bør du vite før du søkjer?

På denne sida finn du informasjon om kva de bør vite før de søkjer. Både dei som har søkt om godkjenning før, og dei som skal søkje for første gong, bør lese denne sida.

NOKUT har strukturert forskrift og rettleiingane sine slik at det går klart fram kven som kan søkje om godkjenning av fagskuleutdanning, og kva ansvar tilbydar, og då spesielt styret, har. Dei krava som blir stilte til reglement for fagskuleutdanningar er også omtalt i NOKUTs forskrift og rettleiing. Desse dokumenta vil kunne fungere som sjekklister de kan bruke for å sikre at NOKUTs krav er tilfredsstilt.

[ - ]

Formålet med å ha søknadsfristar er å kunne koordinere dei ulike prosessane i NOKUTs søknadsbehandling. På denne måten sikrar vi større grad av lik handsaming, betre samarbeid med dei sakkunnige og raskare saksbehandling. Det gir også NOKUT høve til å arrangere søkjarseminar, der vi rettleier medan søkjarane framleis jobbar med å utvikle søknadene. Søknader som blir sende inn etter fristen, vil ikkje bli behandla før neste søkjarrunde.

[ - ]

Alle som skal søkje om godkjenning av fagskuleutdanning, må nytte det elektroniske søknadsskjemaet vårt. De opprettar ein brukarkonto i NOKUTs søknadssenter som skal nyttast kvar gong de søkjer til NOKUT. Det kan vere lurt å bruke e-postadressa til skulen som brukarnamn, slik at fleire ved skulen har tilgang til alle søknadene i søknadssenteret. På søknadssenteret finn de “Mi side”. Her vil all informasjon som NOKUT mottar i søknadsprosessane bli lagra.

[ - ]

Tidlegare søknader kan brukast som mal for nye søknader. Når ein søknad blir brukt som mal, vil ein del felt allereie vere utfylte. Hugs å kontrollere at informasjonen i desse felta er oppdatert og korrekt. Dersom NOKUT allereie har godkjent styrevedtekter, reglement og system for kvalitetssikring etter fagskoletilsynsforskriften av 12. desember 2013, vil de neste gong de søkjer kunne krysse av for at dette.  Då vil det berre vere dei faglege kriteria som skal forklarast og vurderast.

[ - ]
  1. Administrativ vurdering
    Det første NOKUT gjer med søknadene er å kontrollere om søknaden tilfredsstiller vilkåra for å bli behandla (sjå § 3-1 Grunnleggende forutsetninger for å tilby fagskoleutdanning i fagskoletilsynsforskriften). Vi går grundig igjennom kvalitetssikringssystemet, styringsordninga og reglementet for å sikre at desse tilfredsstiller krava. Dersom vi finn at krava ikkje er tilfredsstilte, vil de få avslag på søknaden etter denne administrative vurderinga. Det er berre dei søknadene som ikkje har manglar i styringsordninga og reglementet, og der systemet for kvalitetssikring blir godkjent, som kvalifiserer til fagleg vurdering av utdanningstilbodet. Den innleiande vurderinga tek fire til seks veker, avhengig av kor mange søknader som er komne inn.
  2. Sakkunnig vurdering
    Før NOKUT vel sakkunnige til å vurdere dei faglege kriteria ved utdanningstilbodet, får de høve til å uttale dykk om aktuelle kandidatar til den sakkunnige komiteen. Dei sakkunnige vil deretter vurdere dei faglege krava i forskrifta. Alle krav må vere tilfredsstilte for at eit utdanningstilbod skal godkjennast. Dei sakkunnige har om lag seks veker til å gjennomføre vurderingane sine. NOKUTs kvalitetssikring og ferdigstilling av rapportane tek ytterlegare to veker.

    Dersom dei sakkunnige meiner at alle krava er tilfredsstilte, fattar NOKUT vedtak om godkjenning når rapporten er ferdigstilt. Dersom ikkje alle kriteria er tilfredsstilte, sender NOKUT rapporten til dykk, slik at de kan uttale dykk om vurderingane til dei sakkunnige og gjere mindre justeringar i utdanninga.
[ - ]

Den kortast moglege tida for behandling av ein søknad om godkjenning som endar med eit positivt vedtak er i overkant av fire månader. Dette føreset at alle krava er tilfredsstilte. Dersom ikkje alle kriteria er tilfredsstilte, sender NOKUT ein førebels rapport til søkjar. De vil då få høve til å uttale dykk om vurderingane til dei sakkunnige, og til å gjere mindre justeringar. Svarfristen er seks veker.

Dersom den sakkunnige komiteen og NOKUT finn at alle krav er tilfredsstilte etter tilsvarsrunden, vil vi fatte vedtak om godkjenning. I desse tilfella vil den samla saksbehandlingstida vere cirka seks månader.

[ - ]

Av erfaring får mange søkjarar avslag etter NOKUTs innleiande vurdering av styringsordning, reglement og system for kvalitetssikring. I dei to søknadsrundane i 2010 har berre ein tredjedel av tilbydarane fått søknadene sine vurdert av sakkunnige.

Vi tilrår derfor at også de som har drive fagskule ei stund, kontrollerer at de tilfredsstiller NOKUT dei grunnleggande føresetnadene. I Veiledning til tilbydere av fagskoleutdanning (pdf) vil de finne mange gode tips og råd for utforming av reglement. Rettleiinga er basert på NOKUTs erfaring med der søkjarane ofte gjer feil.

[ - ]

Tilbydarar som ikkje er statlege, fylkeskommunale eller kommunale skal vere registrerte i Enhetsregisteret.

Fagskoleloven pålegg styret for tilbydarar av fagskuleutdanning ei rekkje krav. Styrevedtektene skal skildre det ansvaret styret har for fagskuleutdanninga. Det er ikkje tilstrekkeleg berre å vise til lova.

Fagskoleloven skildrar også forhold som tilbydar er ansvarleg for. I søknaden skal det vere ei omtale av kven som har ansvaret for desse oppgåvene.  Dersom styret har ansvar for nokre av desse oppgåvene, må styrevedtektene også vise dette. Det må framkome av styrevedtektene både når desse er vedtekne og kven som har vedteke dei.

[ - ]

Sørg for at reglementet er så klart og tydeleg formulert at studentane kan forstå om dei er rett behandla eller ikkje. Det er visse forhold som må vere dekt i eit reglement. Desse er skildra både i lova og i kapittel 5 i NOKUTs retningslinjer. Bruk gjerne dette kapittelet som ei sjekkliste på om alle forhold er dekte. Les også Veiledning til reglement (pdf), som er basert på NOKUTs erfaring med vanlege manglar i reglementet.

Det må kome fram i reglementet når dette blei vedteke av styret.

[ - ]

Vilkåra som blir gjorde gjeldande i avtaleforholdet mellom skule og student er ofte spreidd i brosjyrar, søknadsskjema, stadfestingsbrev, reglement og i meir generell studieinformasjon frå skulen. Kontraktsvilkåra bør presenterast samla i ein ”Studiekontrakt”, slik at det blir oppnått klarleik i avtaleforholdet. Særleg er forhold knytt til økonomi og eigenbetaling viktig å regulere i studiekontrakten. NOKUT vurderer ikkje studiekontrakten. Det er Forbrukerombudet som, ut frå omsynet til forbrukarane, fører tilsyn med at skulen si marknadsføring, handelspraksis og avtalevilkår er i samsvar med marknadsføringslova.

Forbrukarombodet har utarbeidt standard kontraktsvilkår, som er blitt teke i bruk av fleire skular.

Lenker til standardkontrakt og veiledning finner du under:

Standardkontrakt for privatskole

Forbrukerombudets veiledning for privatskolers kontraktsvilkår

[ - ]

Alle tilbydarar av fagskuleutdanning skal ha eit system for kvalitetssikring. NOKUT godkjenner systemet for kvalitetssikring.

Systemet for kvalitetssikring er fagskulane sitt verktøy for å sikre at utdanningstilbodet til einkvar tid held tilfredsstillande kvalitet og er yrkesrelevant. NOKUTs retningslinjer, kapittel 6, melder krav til kva systemet skal innehalde. Det må finnast ei systemskildring som viser når, på kva måte, og kven som er ansvarleg for å innhente vurderingar og evalueringar frå studentane, undervisningspersonalet og sensorane, samt eksterne interessentar.

Leiinga skal årleg utføre ein samla analyse og vurdering av kvaliteten, basert på den informasjonen systemet genererer. Den årlege rapporteringa til styret (årsrapporten) blir send NOKUT Det må kome fram av systemskildringa korleis den kunnskapen systemet skaffar blir brukt til å forbetre kvaliteten. Skildre gjerne saksgangen frå dei ulike gruppene sine vurderingar til leiinga sin analyse, og tiltak for forbetring av kvaliteten, i eit årshjul.

Sjå også NOKUTs veiledning til system for kvalitetssikring

[ - ]

Utdanningsplanen utgjer kjernen i vurderinga vår av utdanningstilbodet. Ein god utdanningsplan er ein føresetnad for å kunne gi ei utdanning av god kvalitet.

Utdanningsplanen skal vere tilgjengeleg for studentane, og utforma slik at dei kan kontrollere at dei får det utdanningstilbodet dei er lovde.

Det er likevel andre forhold som også er viktige. Fagskoletilsynsforskriften skildrar alle standard og kriterium som utdanningstilbodet blir vurderte i forhold til. NOKUT nyttar sakkunnige til å vurdere desse kriteria. For at eit utdanningstilbod skal godkjennast, må alle kriterium vurderast som tilfredsstillande. Ved utfylling av søknadsskjema er det viktig å sørgje for at dei sakkunnige har tilstrekkeleg informasjon til å vurdere kvart enkelt kriterium. Det er også viktig at de sikrar heilskapen og indre samanheng i den informasjonen som er i søknaden og utdanningsplanen.

[ - ]

Som regel vil ein sakkunnig komité bestå av to medlemer. Ifølgje NOKUTs krav til sakkunnig kompetanse, er følgjande tre kvalifikasjonar nødvendige: teoretisk kunnskap på tilstrekkeleg høgt nivå, pedagogisk erfaring med undervisning og god kunnskap innan yrkesfeltet, inkludert relevant yrkeserfaring. Den sakkunnige komiteen skal til saman ha ein kombinasjon av desse kompetansane. Dei sakkunnige kan ikkje ha noko tilknyting til søkjarinstitusjonen eller andre interesser i utdanninga som fører til inhabilitet.

Mandatet til komiteen er å vurdere utdanningstilbodet grundig og avgjere om det tilfredsstiller kravene i forskrifta. Vurderingane og konklusjonane blir samla i ein rapport som dannar grunnlag for NOKUT sin vidare behandling. NOKUT arrangerer skrivemøte for dei sakkunnige der vi går igjennom alle kriteria dei sakkunnige skal vurdere etter. Oppgåva vår med tanke på arbeidet til dei sakkunnige er blant anna å sørgje for at rapportane er tydelege og har klare konklusjonar. Vi passar på at dei sakkunnige held seg til oppdraget. All kontakt mellom tilbydar og sakkunnige, skal gå gjennom NOKUT

De har høve til å foreslå sakkunnige eller vise oss til miljø der vi kan finne aktuelle fagpersonar til vurdering av søknaden dykkar.

[ - ]

Dersom NOKUT avslår søknaden om godkjenning, har de høve til å klage på vedtaket. Klagefristen er seks veker. Det er ikkje høve til å klage på dei sakkunnige vurderingane, berre på eventuelle saksbehandlingsfeil.

[ - ]

NOKUT arrangerer søkjarseminar i god tid før kvar søknadsfrist. Dette gjer vi for å rettleie dykk som er i ein søkjarsituasjon. Informasjon om når søkjarseminara er, blir ut lagt på heimesidene våre.

[ - ]

Dei sakkunnige som vurderer søknaden, skal samle vurderingane sine i ein skriftleg rapport. I rapporten er alle kriteria vurdert, med ein klar konklusjon på om kvart kriterium er tilfredsstilt eller ikkje. Dersom det er forhold som dei sakkunnige meiner at de rette opp, vil kriteriet ikkje vere tilfredsstilt. Forhold som dei tilrår de å endre, men som ikkje er avgjerande for om kriteriet er tilfredsstilt, kallar vi bør-punkt. Dette er tilrådingar til forbetringar og vidare utvikling av tilbodet som ikkje er avgjerande for ei godkjenning, men som vi ønskjer at de vurderer.

Dersom dei sakkunnige finn alle kriteria tilfredsstilte, vil NOKUT fatte vedtak om godkjenning, utan at de fyrst får sjå rapporten. De får i så fall tilsendt rapporten saman med vedtaket.

[ - ]

Når dei sakkunnige finn at ikkje alle kriteria er tilfredsstilte, vil dykk få høve til å uttale dykk om rapporten. Formålet med dette er at de skal kunne peike på manglar eller mistydingar i dei sakkunnig si innstilling. NOKUT tillèt i tillegg mindre justeringar i forhold til den opphavlege søknaden. De har seks veker til å gjere eventuelle justeringar. Dersom de har gjort endringar som påverkar utdanningsplanen, ønskjer vi at også denne blir sendt inn på nytt.

Når NOKUT mottek tilsvaret dykkar til rapporten, vil vi sende dette til dei sakkunnige for ei ny vurdering. Dersom dei sakkunnige no finn alle kriteria tilfredsstilte, kan NOKUT fatte vedtak om godkjenning.

Dersom vi ikkje mottek tilsvaret dykkar til rapporten innanfor den fristen som er sett, vil NOKUT fatte vedtak basert på den vurderinga som allerie er gjort.

I nokre tilfelle finn dei sakkunnige at det er behov for omfattande endringar i tilbodet. NOKUT tilrår då å trekkje søknaden, og heller kome tilbake med ein ny, omskriven søknad i ein seinare søknadsrunde. Dersom de gjer omfattande endringar og sender dette inn som tilsvar til rapporten, kan NOKUT fatte vedtak om avslag.

[ - ]

NOKUT forventar at tilbydar sikrar at alle føresetnader for å søkje om godkjenning av fagskuleutdanning er tilfredsstilt før søknad blir send til NOKUT.

Dersom ein tilbydar har fått ein søknad om godkjenning avslått, kan NOKUT fastsetje at ein ny søknad om godkjenning av same utdanning fyrst kan sendast inn etter inntil to år. I dei tilfella NOKUT vurderer å gi karantene, vil de motta varsel om dette i avslagsbrevet. Vi tilrår at de som har fått karantenevarsel gjer ein grundig gjennomgang av tilbodet, søknaden og NOKUT sine tilbakemeldingar, for å sikre at alle føresetnadene er tilfredsstilte før dykk sender ny søknad.

[ - ]

NOKUTs styre vedtok 27. januar 2011 at normert arbeidsmengd for fagskulestudentar skal liggje på mellom 1 500 og 1 800 timar per heile studieår. Total mengde normerte arbeidstimar for studentane omfattar all lærarstyrt rettleiing/undervisning, praksis og utrekna eigenarbeid for studentane.

Det er naturleg at same krav blir stilt for fagskuleutdanning og høgare utdanning i spørsmålet om normal arbeidsmengde. I merknadene til ny tilsynsforskrift for høgare utdanning er det vedteke at forventa arbeidsmengd er på 1 500–1 800 timar. Dette er også det som er vanlegast for høgare utdanning i Europa.

[ - ]

Læringsutbytte er ei skildring av kva ein person veit, kan og er i stand til å gjere som eit resultat av ein læringsprosess. Læringsutbytte skal vere målbart.

Skildringane blir delte inn i tre kategoriar:

  1. Kunnskapar: forståing av teoriar, fakta, omgrep, prinsipp, prosedyrar innanfor fag, fagområde og/eller yrke.
  2. Dugleikar: evne til å bruke kunnskap til å løyse problem og oppgåver. Det er ulike typar dugleikar – kognitive, praktiske, kreative og kommunikative dugleikar.
  3. Generell kompetanse: det å kunne bruke kunnskap og dugleikar på sjølvstendig vis i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarsevne, evne til refleksjon og kritisk tenking i studium og yrke.

Nytte for utdanningsinstitusjonen/tilbydar

  • Fører til utviklinga av studietilbod og studieplanar
  • Er verktøy for pedagogisk og metodisk utviklingsarbeid
  • Set studenten i sentrum av eigen læringsprosess
  • Er ein reiskap i godkjenningsarbeid og realkompetansevurderingar

Nytte for yrkesfeltet

  • Gir betre match mellom kvalifikasjonar og stillingar
  • Hjelper til å synleggjere kva ein ferdig uteksaminert kandidat blir forventa å kunne
  • Hjelper til å synleggjere innhaldet og nivået i kvalifikasjonen
  • Hjelper til å vurdere kvalifikasjonar utanfor det formelle utdanningssystemet
  • Gir betre grunnlag for samanlikning av utdanningar mellom europeiske land

Alle fagskular må ha skildra læringsutbyttet av utdanningane i tråd med Nasjonalt kvalifikasjonsprogram for livslang læring (NKR).

[ - ]

Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) skildrar det norske utdanningssystemet slik det er. Rammeverket gir, på dei ulike nivåa, ei generell skildring av det læringsutbyttet alle kandidatar med fullførd kvalifikasjon skal ha. For kvart nivå omtalast dei kunnskapane, dugleikar og den generelle kompetansen som skal vere nådde ved fullførd kvalifikasjon.

NKR er eit overordna rammeverk, som inneheld generiske læringsutbyttebeskrivelser. Studieplanen for ei utdanning skal innehalde fagspesifikke læringsutbyttebeskrivelser.

Formålet med å innføre Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) er å flytte fokus frå mål til resultat. Dette sikrar nivå og progresjon mellom nivåa, og gjer kvalifikasjonane meir forståelege for yrkesliv og samfunnet generelt. Det lettar også godkjenning av tidlegare avlagt utdanning eller utanlandsk utdanning.

Les meir om Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring

[ - ]