– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Godkjenning av fagskuletilbod

NOKUT har ansvar for godkjenning av all fagskuleutdanning i Noreg. Berre tilbod som er godkjent av NOKUT kan kallast fagskuleutdanningar. Skular som har godkjente fagskuletilbod kan kalle seg fagskular.

Formålet til godkjenningsordninga er å sikre studentar i fagskuleutdanning tilfredsstillande utdanning og vilkår, og føre til at samfunnet kan ha tillit til kvaliteten i fagskuleutdanninga. I tillegg til å vurdere sjølve utdanninga, vurderer NOKUT også om tilbydar har tilfredsstillande styringsordning, reglement og system for kvalitetssikring.

Les om kva du bør vite før du søkjer.

Vilkår for godkjenning

Utdanningstilbod som blir søkt godkjent må tilfredsstille vilkåra for å bli behandla under lov om fagskuleutdanning. Desse er:

  • Utdanningstilbodet må byggje på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse
  • Tilbodet må vere ei sjølvstendig, yrkesretta og avsluttande utdanning som gir kompetanse som kan takast i bruk i arbeidslivet utan ytterlegare opplæring
  • Utdanningstilbodet må ha eit omfang tilsvarande 1/2–2 år på heiltid

NOKUTs vedtak har ikkje tilbakeverkande kraft. Ei godkjenning vil dermed ikkje utløyse studiefinansiering for eventuell del av utdanninga som er teke før godkjenning.

Les om klagerett


Førehandsvarsling av søknader

For å få til ei meir effektiv saksbehandling, kan du no varsle oss om søknad på førehand. Meir informasjon om varsling av fagskulesøknader