– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Fagområdegodkjenning

NOKUT kan gi ein tilbydar fullmakt til sjølv å opprette utdanningstilbod innanfor eit avgrensa fagområde. For å få denne fullmakta må fagområdet vere godkjent, og tilbydar med fagområdegodkjenning må oppfylle fleire vilkår.

Kva krav og vilkår som må vere oppfylte finn du i fagskoletilsynsforskriften.

Våren 2012 fatta NOKUTs styre dei første vedtaka om fagområdegodkjenning. Basert på erfaringane frå den første søknadsrunden, har NOKUT utarbeidt Søkerhåndbok for fagområdegodkjenning (pdf).

Søknadsfristen for fagområdegodkjenning er 1. november kvart år.


Søknadsprosess

Dersom de ønskjer å søkje om godkjenning av fagområde, ber vi dykk ta kontakt med NOKUT før de søkjer.

Send ein e-post til fagskole@nokut.no og informer om namnet til tilbydaren, namnet til fagområdet og namn og e-postadresse til kontaktpersonen som skal vere ansvarleg for søknaden. De vil deretter få tilsende ei lekkje til eit søknadsrom der de skal laste opp søknaden og tilhøyrande vedlegg.


Relatert informasjon

Søknadsfrist

  • 1. november