– Vi bidrar til å sikre, utvikle og informere om kvalitet i utdanninga

Søk

Kvalitetssikring og -utvikling

For at samfunnet kan ha tillit til kvaliteten i fagskuleutdanning, fører NOKUT tilsyn med all godkjent fagskuleutdanning og godkjenner nye fagskuletilbod og fagområde. I tillegg informerer NOKUT om, og bidrar til kvalitetsutvikling i fagskuleutdanning.

Dette gjer NOKUT gjennom å:

  • godkjenne og føre tilsyn med institusjonar og utdanningar
  • forvalte og utvikle verkemiddel for å stimulere kvalitetsutvikling
  • tilverke, stille saman og analysere kunnskap om utdanning og kvalitet
  • informere om utdanning og kvalitet
  • skape møteplassar for meiningsutveksling og setje viktige tema på dagsorden
  • gi råd til styresmaktene og utdanningsinstitusjonane

Finn meir informasjon om:



Kva er fagskuleutdanning?

Fagskuleutdanning byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande erfaring og blir kjenneteikna ved at den:

  • er yrkesretta
  • byggjer på vidaregåande opplæring
  • gir kompetanse som kan takast i bruk i arbeidslivet utan ytterlegare opplæring
  • varer mellom eitt halvt til to år
  • ikkje treng å vere forskingsbasert

Kva plikter har tilbydarar av fagskuleutdanning?

Alle som tilbyr fagskuleutdanning etter godkjenning frå NOKUT, må drive verksemda i tråd med fagskoleloven og tilhøyrande forskrifter. Det er styret som blir rekna som tilbydar, og som er ansvarleg overfor NOKUT. Lova stiller krav om at tilbydarar av fagskuleutdanning som ikkje helt ut er eigd av stat, fylkeskommune eller kommune, skal vere organisert som eit sjølvstendig rettssubjekt med eit styre som øvste ansvarlege styringsorgan.

Styrevedtektene og reglementa til tilbydaren skal vere med på å sikre studentane at fagskuleutdanninga dei går på er av høg kvalitet og at dei har tilfredsstillande vilkår.

Alle tilbydarar av fagskuleutdanning skal ha tilfredsstillande interne system for kvalitetssikring av utdanninga(ne). Ved hjelp av kvalitetssikringssystemet skal tilbydarar kunne vurdere kvaliteten i utdanninga(ne) dei tilbyr, og bruke denne informasjonen til å gjere utdanningskvaliteten betre.

Samarbeid med yrkesfeltet

Fagskuleutdanning er per definisjon yrkesretta utdanning. Studentane skal kunne gå rett ut i arbeid etter enda utdanning utan behov for ytterlegare opplæring. For at dette skal vere mogleg, må tilbydar samarbeide tett med aktørar i yrkesfeltet og delta i faglege nettverk som sikrar at læringsutbyttet frå utdanninga er relevant for yrkesfeltet. I nokre fagområde er det naturleg at samarbeid og nettverk går på tvers av landegrenser. Det er NOKUT som vurderer om samarbeidet med yrkesfeltet er godt nok.

Lovverna titlar

Nemningane fagskule og fagskuleutdanning er verna ved lov. Berre tilbydarar med godkjente fagskuleutdanningar kan kalle seg fagskule. Berre utdanningar som er godkjent av NOKUT eller som er oppretta av ein fagskule med fagområdegodkjenning, kan kallast fagskuleutdanning.